Kan vi forvente at leiarar skal vera ekspertar på sjukefråvær?

Sted

Arendal bibliotek Auditoriet Auditorium Antall plasser i lokalet: 90

Dato

Tirsdag 12. august 2025

Tid

12:00 - 13:00

Rullestoltilpasset lokale

Rullestoltilpasset WC

Hørselshjelpemidler

Om arrangementet

«Snakk med leiar før lege.» Denne «trylleformelen» skal førebygge sjukefråvær. Som leiar skal du møte folk med tryggleik, openheit og tillit, forstå kvifor tilsette er borte frå jobb, tilpasse arbeidskvardagen, skaffe vikarar og halde hjula i gang. Det er ikkje rart mange spør seg: Kan vi forvente at du – på toppen av alt dette – også skal vera ein ekspert på sjukefråvær?

Og kva med medarbeidarane dine – tør dei faktisk å ta ein prat med deg før dei ringer fastlegen? Ei fersk undersøking Akademikerne Pluss har gjort blant høgt utdanna tilsette viser eit stort behov for støtte i krevjande livs- og jobbsituasjonar. Det er god grunn til å tru at dette gjeld fleire. Så spørsmålet er: Er du rusta til å gje den støtta dei treng?

I år droppar vi den tradisjonelle paneldebatten. I staden får du møte eit tverrfagleg ekspertpanel frå AiR og administrerande direktør i Akademikerne Pluss – fagfolk som kjenner tilsette sine behov og veit kva som verkar. Bruk dei til å stille spørsmål om korleis du som leiar kan førebygge sjukefråvær!

Dei tverrfaglege teama på AiR har over 40 års erfaring med å avdekke årsakene bak sjukefråvær, og med å finne ut kva som skal til for at kvar enkelt tilsett skal kunne stå i jobb.

Vi veit at kvardagen som leiar er travel. Difor gjev vi deg det du treng – på éin time. Kom og få innsikt, svar på det du lurar på – og konkrete tips du kan ta med deg rett tilbake til eigen arbeidsplass.

Medvirkende

  • Tarjei Helle - Direktør, Rehabiliteringssenteret AiR Ordstyrer
  • Einar Espolin Johnson - Administrerande direktør, Akademikerne Pluss
  • Elisabeth Swensen - Overlege, Rehabiliteringssenteret AiR
  • Hilde Rinden - Fagleg rådgjevar arbeid, Rehabiliteringssenteret AiR
  • Sara Chopra - Fysioterapeut, Rehabiliteringssenteret AiR
  • Guri Sogn-Larssen - Klinikkleiar AiR Oslo, Rehabiliteringssenteret AiR

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Torvet 6

Arrangør(er)

  • REHABILITERINGSSENTERET AIR AS

Lenker

Kontakt

Guro Lien
E-post: [email protected]
Telefon: +47 477 86 061

Mer fra programmet

Sidevisninger

Hopp til toppen