Fleire i arbeid – Vi må gjere meir av det som verkar!

Sted

MS Sandnes Festsal Restaurant på båt Antall plasser i lokalet: 100

Dato

Tirsdag 12. august 2025

Tid

16:00 - 16:45

Om arrangementet

Vi ønskjer å setje søkelys på tiltak som har dokumentert effekt i arbeidet med å få fleire ut i arbeid og utdanning og førebyggje utanforskap – og spørje:

Kvifor klarer vi ikkje å skalere opp det som verkar?

Paneldebatten blir det sentrale innslaget i arrangementet og vil vere ein samtale mellom leiande aktørar frå politikk, forsking og tenestefeltet. Temaet er oppskalering av kunnskapsbaserte tiltak, og kva som skal til for å få til meir systematisk bruk av det som fungerer.

Paneldeltakarar som blir førespurde:
•Tonje Brenna, arbeids- og inkluderingsminister
•Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister
•Hans Christian Holte, arbeids- og velferdsdirektør
•Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland (stadfesta)
•Camilla Stoltenberg, direktør i NORCE (stadfesta)

Debatten vil ta utgangspunkt i presentasjonar av tre dokumentert lovande praksisar frå Vestland – blant anna «Raskt i jobb» og «Sykt bra jobb» – og ta opp spørsmål knytt til kunnskapsbasert praksis, sektorbarrierar og strukturelle utfordringar.

Møtet vil også streames

Medvirkende

  • Jon Askeland - fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
  • Camilla Stoltenberg - direktør, NORCE
  • Hans Christian Holte - arbeids- og velferdsdirektør
  • Per Olav Skurdal Hopsø - statssekretær, Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Langbryggen

Arrangør(er)

  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE
  • NAV Vestland
  • NORCE

Lenker

Kontakt

Sølve Dag Sondbø, seksjonssjef
E-post: [email protected]
Telefon: +4790075325

Mer fra programmet

Sidevisninger

Hopp til toppen