- Hovedprogram
- Kultur
Åpning av Arendalsuka 2025
Arrangør: Arendalsuka
Sted: Kanalplass-scenen
Kulturkammeret Kraftverket Scene Konferanserom Antall plasser i lokalet: 70
Mandag 11. august 2025
11:30 - 13:30
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Korleis ser den norske språksituasjonen ut i 2050? Kva er dei viktigaste sakene for å sikre norsk språk dei neste 25 åra?
Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad under Arendalsuka, der språket i akademia, norsk språk på nett og stoda for norsk språk fram mot 2050 skal drøftast på fleire måtar.
Arrangementet har tre delar til følgande tidspunkt:
Kl. 11.30: Norsk fagspråk 2050
Kor godt tek vi vare på norsk fagspråk i dag og korleis vil skiftande regjeringar påverke situasjonen? Kva er det viktigaste vi kan gjere for å utvikle norsk fagspråk fram mot 2050?
Kl 12.00: Pause
Kl. 12.15: Kampen mot Silicon Valley
Korleis påverkar teknologigigantane språket vårt og kva kan vi gjere med det? Kven skal ta ansvar for norsk språk i den digitale sfæra og kva tenkjer vi no om KI og store språkmodellar?
Kl. 12.45: Pause
Kl. 13.00 Noreg 2050 – ei oppsummering
Vil nynorsk vere eit sterkt språk i 2050? Kva for politiske parti kan nynorsken sjå til for å styrke og oppretthalde statusen for språket dei neste 25 åra?
Nedre Tyholmsvei 6
Olav Øyehaug Opsvik, sekretær
E-post:
[email protected]
Telefon:
97130153