Hurtigbåtar: utsleppskutt og eksport – eller grøn fallitt?

Sted

Rygerelektra Konferanserommet 297 seter + dekk Antall plasser i lokalet: 297

Dato

Onsdag 13. august 2025

Tid

13:30 - 14:30

Rullestoltilpasset lokale

Rullestoltilpasset WC

Om arrangementet

Hurtigbåtane er stempla som klimaverstingar, men med teknologi frå norske leverandørar kan dei bli klimavinnarar – og næringa eksportvinnarar.
Nullutsleppskrav blei varsla i 2020, men avblåst i fjor. Fylka planlegg anbod – men manglar både pengar og spelereglar for å satsa på ny teknologi. Samtidig stig temperaturen, både i atmosfæren og i kommentarfelta.
Når kan me reisa utsleppsfritt med hurtigbåt langs norskekysten? Korleis kan batteriteknologien tilpassast hurtigbåtrutene? Korleis kan fylka og stat samarbeida for å realisera omstillinga - både for passasjerar og næringsaktørar? Kven tar styringa – og rekninga?
Maritime CleanTech og Vestlandsrådet inviterer til debatt om hurtigbåtens framtid i Arendal.
Møt næringa, politikarane og dei som sit med nøklane til grøn mobilitet på sjø:

Medvirkende

  • Håvard Tvedte - Direktør Markandsutvikling, Maritime Clean Tech Ordstyrer
  • Ole Ueland - Fylkesordfører, Rogaland fylkeskommune
  • Jon Askeland - Fylkesordfører, Vestland fylkeskommune
  • Rannveig Drengstig - Administrerende direktør, Norled
  • Reidun Svarva - Kommersiell direktør, Torghatten
  • Fredrik Witte - Administrerende direktør, Corvus Energy
  • Astrid Willa Eide Hoem - Statssekretær Klima og miljødepartementet, Arbeiderpartiet

Praktisk informasjon

Sted og adkomst

Langbrygga

Arrangør(er)

  • Vestlandsrådet
  • Maritime Cleantech

Lenker

Kontakt

Iver Jan Leren
E-post: [email protected]
Telefon: +4794820001

Mer fra programmet

Sidevisninger

Hopp til toppen